Arego
kw:!support_us

Pernilla E. Epland klar for 1/2-maraton i Venlo, Nederland søndag 25.mars

23.03.2018 |Nils Hetleflåt

Pernilla Eugenie Epland er klar for 1/2-maraton i Venlo, Nederland på søndag 25.mars. Dette er første halvmaraton løpet til Pernilla sidan ho sprang Oslo halvmaraton i september i 2017. Etter ein god treningsvinter er det spennande å sjå kva ho får til i dette løpet. Konkurransen er sterk med blant anna 7 kenyanske løparar på 70 min og betre, samt at det er nederlandsk meisterskap på distansen med mange sterke løparar.

Løpet starter kloka 14:00 på søndag og det er link til arrangementet via denne adressa: https://www.venloop.nl/

Streaming http://l1-live.nl

 

Kontakt