Arego
kw:!support_us

Pernilla E. Epland med ny klubbrekord på Nornalekene

23.01.2018 |Nils Hetleflåt

Det vart stor suksess for Stord IL sine deltakarar på årets Nornaleker som vart arrangert i Leikvanghallen 20.-21.januar. På laurdagen vart det oppnådd mange personlege rekordar og gode plasseringar.

Yngstemann i troppen Andreas Kringeland (10) sprang inn til ny pers både på 200m og 600m med tidene 37,26 og 2,15,73 samt at han tangerte persen i høgde med resultatet 1,00m. Erlend Kringeland (15) sprang inn til tida 2,14,36 på 800m og persa med neste 10 sekund og det holdt til 2.plass i feltet. Julian Skimeland Aasheim (15) vann 60m hekk på ny pers med tida 8,69. Han vann høgde med resultatat 1,70m og tresteg med resultatet 11,92 m. Lars Lunde vann 800m i seniorklassen med tida 1,58,36, som er under 4 tidelar bak sin personlege rekord.

Sofie Skard (14) sprang inn til 2.plass med tida 10,40 på 60m hekk, som er ny pers med nesten 1 sekund. I høgde hoppa ho 1,50m, som er pers med 5 cm og det holdt til seier i klassen. Tone S. Brakedal (19) sprang inn til seier på 60m hekk med tida 9,45 i J18/19. I kulekonkurransen støtte ho 9,74, som er ny pers med 2 cm  og det gav 2.plass. 

På søndagen var det Jacob Vaula (17) som var i aksjon på 60m og med tida 7,30s vart det 2.plass i klassen og vidare til a-finalen. Her sprang han inn til tida 7,36s som gav 7.plass i seniorklassen. Lars Lunde sprang inn til tida 8,34,68 på 3000m og det gav 2.plass. Johannes Thomsen debuterte for Stord på denne distansen og sprang inn tida 9,28,91, ny pers og 7.plass på distansen.

Ariel Christensen (13) sprang inn til seier på 60m på tida 8,72 og satte ny pers med 2 tidelar. På 3000m for kvinner sprang Pernilla Eugenie Epland inn til seier med den sterke tida 9,33,25 og det er pers med over 8 sekund samt ny lagsrekord for klubben. Det er og ein 4.plass på distansen gjennom tidene innandørs for Hordaland friidrettskrets.

Kontakt