Arego
kw:!support_us

Rapport frå NMC på Jessheim torsdag 4.juni

05.06.2015 |Nils Hetleflåt

Dei to representantene frå Stord som deltok på Norwegianmilersclub stemnet på Jessheim torsdag 4.juni var Mari Aarskog Nesse og Tom Erling Kårbø.

I elite heatet for kvinner var Mari ei av 23 løparar på startstreken og allerede etter 400m var ho litt på etterskot i forhold til dei andre i heatet og denne avstanden vart større etterkvart. Med tida 4,54,64 vart det totalt 25.plass når ein slo saman resultatlista for dei to heata.

Tom Erling hadde seeda seg ned i b-heatet fordi han viste at formen ikkje var heilt topp. Han starta litt forsiktig for å føla seg fram i løpet og passerte 400m på 63,2, 800m på 2,06,0 og 1200m på 3,08,6. Med 46,7 på siste 300m vart det 3 plass i heatet og 14.plass totalt. Han uttaltet etter løpet at det føltes betre å springa denne dagen enn kva tilfelle var på søndagen i Framolekene.

Elles vart det satt verdsrekord for 14-åringer i dette feltet med tida 3,50,57 av Jakob Ingebrigtsen.

Resultat finn du her: http://teamicore.org/result_run.php?run_class=MS

 

Kontakt