Arego
kw:!support_us

Resultat Bruløpet og halvmaraton 10/6 2015

10.06.2015 |Nils Hetleflåt

Det var 92 løparar som fullførte dagens konkurranse, bruløpet på 10 km og halvmaraton, under fuktige forhold. Forholda var likevel gode og det var lite vind over bruene, slik at mange fekk både personlege rekordar og årsbeste. 

På 10 km var det husnesbuen Erlend Nymark Jensen som sprang fortast og han satte ny løyperekord med tida 34,46 min og han var med det over minuttet føre nr to. I kvinneklassen var det Kirsti Sønstebø som sprang først i mål og det gjorde ho på tida 42,48 min.

På halvmaraton var det Hogne Buchvold som var raskast med tida 1:23:18 og vann føre 15 år gamle Arne Jordåen som kom inn på tida 1:27:24. I kvinneklassen var det Katrine Hillestad som kom først over målstreken med tida 1:35:36.

Her er resultatlista frå løpet

Kontakt