Arego
kw:!support_us

Resultat frå Gneistspelen

26.08.2016

Det var mange frå Stord IL-friidrett som stilte opp på Gneistspelen forrige helg på Fana stadion.

På laurdag 20.august var Kasper Andreas Rygg Tonning, Saga Emile Rygg Tonning og Andrea Svensen i aksjon i det fine sommerveret. Det vart fleire nye personlege rekordar. Her er resultata; Kasper:  60m 9,88s - Lengde: 3,47 m - Liten ball: 16,70m. Saga: 60m 10,40s - Høgde: 1,10 m - kula: 4,63 m - Lengde: 3,37 m. Andrea: 60m 10,83s - Høgde: 1,05 m - kul: 6,07m.

På søndag 21.august var det Ole Christer Kvellestad (16) og Jacob Hystad (26) som var i aksjon på 3000m, og fortsatt var det det fine sommerveret med god temperatur. Jacob som sprang i a-heatet sprang inn til tida 9,05,93 etter å ha sprunge meir eller mindre solo i bakre del av feltet. Ole Christer sprang inn til ny pers med tida 10,00,00, etter å ha fått det tungt på dei siste 800m av løpet.

Kontakt