Arego
kw:!support_us

Resultat NCAA cross country i Spokane

26.11.2013

I flott vêr (minus 2 grader og tilnærma vindstille) sprang brødrene Tom Erling og Harald Kårbø NCAA cross country i dag. I eit over 240 løparar stort felt plasserte dei seg på 11. og 19.plass i den 10 km lange løypa og dei fekk tidene 30,38,8 og 30,58,8, medan vinnaren sprang inn til tida 29,50,1.

Beste norske løpar vart Vegard Ølstad som sprang inn på 2.plass med tida 30,01,7 og han representerer Western State. I lagkonkurransen kom Augustana College på 3.plass med poengsummen 122 på sine 5 beste løparar, medan vinnarlaget, Adam State, oppnådde 54 poeng og Grand Valley på 2.plass fekk 104 poeng. Dette er den beste plasseringa som herrelaget til Augustana College har oppnådd i NCAA cross country.

Kontakt