Arego
kw:!support_us

Resultat NM innandørs på Stange

02.02.2014 |Nils Hetleflåt

NM på Stange er ferdig og på søndag kunne Tom Erling innkassere sin første innandørstittel på 3000m med tida 8,23,33. Han vart nr 2 i mål, men vinnaren var frå Eritrea og kunne dermed ikkje få tittelen. Harald Kårbø sprang inn til 6.plass på distansen med tida 8,35,12 og vart nr 4. i NM. Thomas M. Heggøy sprang inn til 2.plass i sitt heat og enda totalt på 10.plass med tida 2,03,76.

Første dag av hall NM på Stange er unna gjort og for Stord sine utøvarar så representerte det i ein sølv og ein 5.plass på 1500m. Tom Erling Kårbø sprang inn til tida 3,56,66 og var med det 44 hundredeler bak vinnaren, medan Harald Kårbø sprang inn til tida 4,00,14. Det var ny personleg på begge løpararane.

Etter løpet, som ein kunne sjå på streaming via heimesida til Norges friidrettsforbund www.friidrett.no, kunne Tom Erling fortelle at han var godt nøgd med si gjennomføring av denne 1500 metern, Harald var den mest aktive av dei under løpet då han låg i tet frå ca 500m og fram til 1300m, men han klarte ikkje å følgja med på ein sterk siste runde. I morgon er det nye sjansar og løpet startar kl 15.10.

 

Kontakt