Arego
kw:!support_us

Resultat Warandeloop i Nederland

26.11.2013

I dagens terrengløp, Warandeloop, i nederlandske Tilburg sprang Lars Jonassen Føyen inn til ein sterk 8.plass i juniorklassen på tida 20,16 min. Med det vart han nest beste nordmann, der Kristian Tjørnhom sprang inn til 4.plass med tida 20,07 min. Vinnaren av løpet sprang inn til tida 19,40 min og han var frå Nederland.

Totalt var det over 80 deltakarar i juniorklassen som sprang 6,2km fordelt på ein kort runde på 560 m og 3 lange rundar på 1875m. Ut av passeringane kan ein sjå at Lars låg på 24.plass ved første pasering etter 560m og at han deretter sprang seg opp til 12. plass etter den første lange runden. Ved neste passering som var etter vel 4,3 km var Lars på 7.plass og han mist ein plass på den siste runden. Etter å ha snakka med Lars så var kommentaren at han vart trøytt på den siste runden men  han klarte å passera eit par løparar på siste 200 metrane.

Kontakt