Arego
kw:!support_us

Sølv og bronse til Stord i terreng NM i Strandebarm

01.04.2017 |Nils Hetleflåt

Det vart stor suksess for Stord sine løparar på terreng NM kort løype i Strandebarm i dag. Med to medaljer, sølv til Tom Erling i 3 km menn senior og bronse til Pernilla E. Epland i 2 km kvinner senior vart det god uttelling, i tillegg til dei andre gode resultata for Stord utøvarane.

Først i elden var Arne Jordåen i G-17, som sprang 2 km og det var ei rundløype på 1 km som dei måtte gjennom 2 gonger, og starta i lag med G-15 og G-16. Totalt var det nær 30 deltakarar på startstreken og Arne kom seg godt ut i feltet då startskotet vart fyrt av. Etter første runde låg han og kjempa rundt plass 8-10 i feltet, men ein god avslutining gjorde at han spran i mål som totalt 7 løpar og han vart med det nr.4 i klassen sin. Etter løpet var han godt fornøgd med gjennomføringa si og han er mykje nærmare desse løparane enn kva tilfelle var i fjor. Det vert spannande å sjå når ein kommer til banesesongen.

Så var det klart for kvinner seniorklassen og veteranklassane for kvinner med totalt 25 lparar på startstreken. Pernilla hadde fått beskjed om å holda igjen i starten, men då startskotet vart fyrt av gjekk det ikkje meir enn 400m før ho var i tet. Ho auka leiinga gjennom den første runden og ved passering 1 km var ho 10-15 m føre nr 2 og 3  i feltet. Desse to løparane brukte dei neste 300m på å henta inn Pernilla før dei drog i frå henne. Pernilla kjempa flott den siste delen av løpet og klarte fint og halda på denne 3.plassen heilt til målpassering. Eit flott løp av Pernilla som sprang inn til NM medalje bare 10 månadar etter ho starta satsinga for fullt.

 

 

I menn senior klassen som var neste start i følge tidsskjema var dagens største felt med 36 påmeldte løparar. Det var eit forholdsvis trangt startfelt så det gjaldt å komme seg godt fram tidleg. Tom Erling var på "høgget " frå start av og la seg som nr 2 etter ca 400m løpt, medan Jacob Hystad og Vegard Havn låg lengre bak i feltet.

Etter passering 1 runde er Tom Erling framleis nr 2, men han vert forbiløpt av vinnaren av løpet kort tid ut på andre runde skal det vise seg. Jacob passerer som ca 20 løpar etter 1 runde med Vegard 4-5 sek bak. Medan Vegard får det tyngre på 2 og 3 runde så avanserer Jacob nokre plassar på dei to siste rundane. Tom Erling har ein hardare kamp framme i feltet og han spurtar i frå 3 mann når det gjenstår ca 200m av løpet og spring inn itl sin første medalje i kort løype med valøren sølv.

Etter løpet kunne han fortelle at han hadde god kontroll på 2.plassen mot slutten av løpet. 

Her er alle resultata frå NM i Strandebarm: http://www.kondis.no/nm-terrengloep-strandebarm-1-april-seier-til-selen-og-vedvik.5976842-127676.html

 

Kontakt