Arego
kw:!support_us

Stor aktivitet i veke 21

24.05.2016 |Nils Hetleflåt

Det vert stor aktivitet for Stord IL-friidrett sine utøvarar i denne veka.

I USA skal Harald Kårbø delta på NCAA Division 2 Outdoor Track and field Championship i Bradenton, Florida. Meisterskapet verrt avvikla i perioden 26.-28.mai. Harald skal springe 3000m hinder og forsøket er på torsdag 26.mai, finalen vert avvikla på fredag 27.mai. Harald er rangert som nr 16 av dei 19 løparane som er kvalifisert til dette meisterskapet, med tida 9,01,36.

På Fana stadion i Bergen vert stor-KM arrangert frå 27.-29.mai med fleire deltakarar frå Stord. Med utsikt til gode forhold så håper ein på gode resultat for utøvarane.

I Oordegem i Belgia skal Tom Erling Kårbø prøva seg på 3000m hinder kravet til EM, som går i Amsterdam, laurdag kveld den 28.mai. Med over 70 deltakarar påmeldt på distansen vert det trangt i dei to felta som skal i ilden denne kvelden. Tom Erling er påmeldt med den 20. beste tida og bør vere klar for a-heatet. Live oppdatering er det på www.ifam.be.

 

  

Kontakt