Arego
kw:!support_us

Stor suksess for Sunnhordland maraton 2019

06.05.2019 |Nils Hetleflåt

Årets Sunnhordland maraton som vart arrangert laurdag 4.mai hadde 1270 deltakarar som fullførde ei løypene og vart ein stor suksess. Det starta allereie kl 9:30 med maraton der 29 av løparane fullførte. Så vart det gjennomført eit barneløp med 260 deltakarar som sprang ei rundløypa i sentrum på ca 450m. Vidare starta det kl 10:45 over 340 løparar på halvmaraton og 333 fullførande vart registrert i mål. Når starten gjekk kl 12 var det 10 km løparane som skulle i aksjon og her var den største deltakinga med nesten 450 løparar på startstreken og totalt var det 434 fullførande på distansen.

Nytt av året var 5 km, som hadde start bak kunnskapshuset i Sæ og her var det over 230 påmeldte løparar og 213 fullførande vart registrert ved målpassering.

Fullstendig resultatliste finn du her: https://www.sunnhordlandmaraton.no/resultat/

 

Kontakt