Arego
kw:!support_us

Stord de Tour 3.løp/Stord rett Opp 21.mai

23.05.2016 |Nils Hetleflåt

Det 3.løpet i Tour de Stord vart avvikla laurdag ettermiddag i eit overskya vêr som gjekk over til lett regn når løparane hadde løpt ca 12-13 min. Dette løpet er og mer kjent under Stord rett opp og er på 5 km med ein høgdeskilnad på 500m. Difor var det mange løparar som bare var med på dette løpet.

Ved passering bommen på Heio hadde Thomas Finshus fått ei luke på Jacob Hystad på 7 sekund og til toppen var avstanden auka til over 1min og 20 sekund. Geir S. Skaten avslutta sterkast av dei andre løparane og kom i mål på tida 26,30 min. Samanlagt var et Thomas som vann føre Geir og Jacob når ein hadde justert etter veteran tabellen.

I menn junior var Lars Lunde overlegen på denne etappen og vann i suveren stil samanlagt føre Arne Jordåen og Vegard Havn.

I kvinneklassen for kvinner var det svært jamnt føre dette løpet, men her var Pernilla E. Epland så pass mykje sterkare enn Maryna at ho henta inn dei sekundane ho låg bak og sprang inn til total siger med 27 sekund.

I kvinne junior vart det siger til Mari Hetlesæter, Hjelmeland ski, føre Astrid Jordåen som vann samanlagt.

Her er resultatlista for Stord rett opp og samanlagt for Tour de Stord.

Kontakt