Arego
kw:!support_us

Stordløpet 6.september

04.09.2015

MØT OPP OG SPRING STORDLØPET!

På søndag 6.september er det klart for den 38.utgåva av Stordløpet. Start og mål er på Stord stadion og distansane er høvevis 6 og 12 km i terreng. Starttidspunktet er kl 13 for mosjonsklassen der det er tidtaking, medan turklassen kan starte mellm kl 10:00-12:30 og barneløpet, som er ca 1 km langt, har start kl 12:00.

I morgon vert løypa merka med piler og km merking slik at ein kan følgja med på farten som ein held i dei ulike delene av løypa. 

Sidan det er påmelding heilt fram til start er det vanskeleg å vita kven som vert favoritt i dei forskjellige løypene. Fjorårets vinnar Jacob Hystad har meldt sin ankomst og vil nok tilhøyra favorittgruppa. Han vil få sterk konkurranse frå blant anna klubbkamerat Lars Lunde. 

Kontakt