Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø er klar for EM i Amsterdam

04.07.2016 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø skal representera Noreg på 3000m hinder under EM i friidrett i Amsterdam i perioden 6.-10.juli. Han er alt på plass i Nederland og gjer dei siste førebuingane før han skal springa forsøk på onsdag 6. juli.

Totalt 26 løparar skal kjempa om å komme blant dei 15 løpararane som skal springa finale på fredag 8.juli. Det vert 2 heat, kor dei 5 første i kvart heat er automatisk kvalifisert og så vert det dei 5 beste tidene som går vidare til finalen. Forsøket startar kl 17.55 på onsdag ettermiddag og vert sendt direkte på både NRK, SVT og Eurosport.

 

Kontakt