Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø fekk klarsignal frå IAAF, men nei frå NFIF.

28.07.2017 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø fekk invitasjon frå det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) på 3000m hinder til VM i friidrett i London, men Norges Friidrettsforbund sa nei. Torsdsag kveld tikka det inn ein invitasjon til NFIF frå IAAF om at dei hadde godkjent Tom Erling Kårbø som utøvar på 3000m hinder. Denne invitasjonen saman med ein annan invitasjon som NFIF fekk vart behandla og begge to fekk tommelen ned. Han låg på ei renska liste som nr 50 på 3000m hinder i det fristen for meisterskapet gjekk ut, og det er 45 løparar som får klarsignal (42 løparar hadde klart kravet på 8,32,00). Det betyr at det er løparar foran han på lista som har trukket seg eller ikkje skal springa sia denne invitasjonen kom. Det er enormt kjedeleg at dette skulle henda løparen vår som legg ned så stor innsats for å verte best mogeleg.

Tom Erling Kårbø ville vore første utøvar frå Stord IL-friidrett som deltakar i eit verdsmeisterskap på bane for seniorar.Dermed vert det ikkje noko VM eventyr i London på Stord utøvaren i år.

Bladet Kondis har og skrevet ein artikkel om denn saken og den finn du her: https://www.kondis.no/tom-erling-kaarboe-ble-invitert-til-vm-friidrettsforbundet-takka-nei.6016784-127676.html.

Kontakt