Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø sprang inn til 5.plass i b-heatet

06.05.2017 |Nils Hetleflåt

Under stemnet Payton Invitational i Palo Alto i California fredag 5.mai sprang Tom Erling Kårbø inn til 5.plass i b-heatet på 3000m hinder med tida 8,46,85.

Han opna første 1000m på 2,54,2 og låg på 4.plass. Gjennom heile løpet låg han rundt 4 til 6 plass i feltet og rundetidene var rundt 70 sekundar pluss/minus 1 sek. I forhold til dei fleste løpa han spring så hadde han i dag ikkje nokon fartsauke på siste runden, og derfor var avstanden fram til vinnaren på rundt 8 sekund som han tapte størrste delen på siste 400m.

Etter løpet uttalte han til friidrett.no at det hadde vore ein tung dag, men at han var glad for å vere i gong med banesesongen.

Resultat finn ein her: http://www.rtspt.com/events/stanford/pjc17/170505F016.htm.

Kontakt