Arego
kw:!support_us

Tom Erling klar for EM i friidrett i Berlin 2018

03.08.2018 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø fekk den offisielle bekreftelsen frå NFIF tysdag 31.juli om at han var klar for EM i Berlin 2018. Det hadde ligget i kortene at det bare var ein formalitet etter hans to sterke løp i starten av juni kor han sprang under EM kravet på 8,37,00 i to løp. Dette er det tredje EM han er kvalifisert for, han deltok og i EM 2014 i Zürich og i 2016 i Amsterdam. I begge desse meisterskapa vart han utslått i forsøket på 3000m hinder. 

Foran årets mesisterskap så er han rangert som nr 15 på ein reinska statistikk på 3000m hinder. Det er 32 løparar som er påmeldt til øvelsen og det skal vere to forsøksheat, kor dei 5 beste i kvart heat går vidare fil finalen samt dei 5 beste tidene deretter. Øvelsen startar kl 11:40 på tysdag 7.august med det første heatet.

Ein kan finna all informasjon om meisterskapet på følgjande side www:european-athletics.org

Kontakt