Arego
kw:!support_us

Tyrvinglekene dag 2

15.06.2014 |Nils Hetleflåt

Under 2.dag av Tyrvinglekene som hadde ideelle forhold var det 2 løparar som var i liden på 800m.

Mari Aarskog Nesse sprang i b-heatet på 800m og kom i mål som  vinnar med tida 2,20,82 , nokko som er årsbeste for henne. I menn senior sprang Lars Lunde i b-heatet for menn. Etter å ha passert som 5 løpar på ca 58 sekund avanserte Lars i feltet etter 500m og passerte som nr 2 ved 600m. Denne plassen holdt han heilt til mål og han fekk tida 1,58,42, som er ny pers med 1,5 sekund. 

Fitjar utøvaren Tone Sandtorv Brakedal i J-15 har gjort ein meget god innsats i dette stemnet med seier i lengde på 5,17m, seier på 80 m hekk på 12,15s (p) og sølv i tresteg på 11,21 m (p).

 

Kontakt