Arego
kw:!support_us

Anna Solheim vann UM mangekamp på Fagernes 8.-9.august

09.08.2020

Under helgas UM og NM mangekamp på Fagernes gjekk Anna Solheim heilt til topps i jenter 16 år med poengsummen 4064 poeng på sine 7 øvelsar. Det skjedde ikkje utan dramatikk då hennes hardaste konkurrent fekk 3 ugyldige kast i spyd og dermed fekk 0 poeng i den øvelsen. Dermed vann Anna med 84 poeng. Resultata tli Anna var første dag: 12,65 på 80m hekk; 1,53m i høgde, 11,12m i kula (3 kg) som var ny pers; 27,69 på 200m som var ny pers. Andre dag fortsatte med 4,26m i lengde, 31,22m i spyd og ho avslutta med 2,42,60 på 800m som er ny pers.

Oddvar Hårde (1969) vann 10-kampen i klasse 50-54 år med poengsummen 5149 poeng, etter følgjande serie: 13,85-4,64-11,20-1,49-63,77-19,55-35,93-2,10-38,15-6,17,4 og kan titulera seg som Noregsmeistar.

Stord IL-friidrett gratulerer begge utøvarane med vel gjennomført konkurranse.

Kontakt
Kalendar