Arego
kw:!support_us

Årsbeste på Tom Erling Kårbø I Huelva på 3000m hinder og like bak VM kravet

20.06.2019 |Nils Hetleflåt

Under kveldens stemne, Meeting Iberoamericano i spanske Huelva sprang Tom Erling Kårbø inn til 5.plass på 3000m hinder med tida 8,29,70 og ny årsbeste på distansen for hans del. Med det var han bare 0,7 sek bak VM-kravet på distansen. 

Det var ein ganske sjenerande vind under løpet, som låg ein stad mellom 4 og 5 m/s, og denne hadde ein innverknad på resultatet. Plasseringsmessig var dette eit meget sterkt resultat av Tom Erling, då han slo mange løparar som hadde betre persar enn kva han sjølv har. 

No ventar 24 dagar på høgdetrening i St.Moritz før han gjer nye forsøk på å klara VM-kravet i juli/august.

Kontakt
Kalendar