Arego
kw:!support_us

Eirik Natvik representerte Hordaland på Lerøylekene for 13-14 åringar i Haugesund

02.09.2019 |Nils Hetleflåt

Eirik Natvik var einaste utøvar frå Stord IL-friidrett som representerte Hordaland på kretskampen mellom: Hordaland, Rogaland, Agder fylka og Sogn og Fjordane for 13-14 åringar i Haugesund. Mathilde A. Amundsen var tatt ut, men ho meldte forfall.

På 200m sprang Eirik (14) inn til tida 26,38 i motvind: 3,1 m/s og det gav 8.plass i 14 årsklassen. På 600m sprang han inn til 4.plass i b-heatet med tida 1,40,56 og det gav 10.plass totalt på distansen. På stafetten var Eirik med på laget frå Hordaland som vann. Han gav seg etter første dag på grunn av forkjølelse.

 

Kontakt
Kalendar