Arego
kw:!support_us

Først til mølla på Midtfjellet på Fitjar

10.09.2017 |Nils Hetleflåt

På laurdag vart motbakkeløpet "Først til mølla" arrangert på Fitjar og det var mange Stord utøvarar som stilte opp på arrangementet. I herreklassen var løyperekord holdaren Torstein Tengsareid favoritt, men hadde reelle utfordrar i dei to yngse Kårbøbrødrene, medan det i dameklassen var dei to (Anita og Eli anneom representerte Noreg i motbakke-EM som hadde mest rutine på motbakkeløp. men Pernilla E. Epland som ein hard utfordrar

Då starten gjekk var det Torstein og Tom Erling som tok teten på det flate partiet medan Harald måtte gje ei luke, medan Pernilla Epland gjekk rett i tet i dameklassen. Då løparane kom til motbakken etter 1 km så slapp Tom Erling ganske raskt Torstein, medan Harald som hadde tatt det litt rolegare i starten henta Tom Erling nokre hundre meter opp i bakken. Pernilla holdt seg godt foran dei andre kvinnene oppover bakken. Så slapp Tom Erling Harald som starta jakta på Torstein, men den luka som han adde opparbeida seg på første del av løpet viste seg å vere for stor for Harald. Sluttida på Torstein var 19,38 min, medan Harald sprang på 19,56 min og Tom Erling kom i mål på 20,52 min. I dameklassen holdt Pernilla unna for både Anita Iversen og Eli Anne Dvergsdal og ho kom i mål på 23,34 min.

Det vart gode pengar på dei 3 beste løparane i herre- og dameklassen.

Fullstendig resultatliste finn du her: http://live.eqtiming.no/37498?addpast=30&focusuid=37595#result:130718-403709-978491-1-1-

 

Kontakt
Kalendar