Arego
kw:!support_us

Første dag av NM mangekamp på Arna stadion

21.05.2017 |Nils Hetleflåt

Under første dag av NM i mangekamp på Arna stadion har Tone S. Brakedal (18) i kvinner junior innleia med 2 personlege rekordar. På 100m hekk kom ho inn til tida 15,63, som er ny pers. I høgde vart det 1,54 m, noko som er 1 cm under pers. I kulestøt vart det ikkje full klaff då det lengste støtet vart 8,45 m og det er over 1 m bak personleg rekord. Derimot vart det ny pers på 200m med tida 27,26 og det er ikkje lenge igjen før det bikker under 27s.

Oddvar Hårde (48) stilte opp i 45-49 årsklassen i 10-kamp. Han innleia med sterke 12,77 på 100m i 3,9 m/s medvind, men kjente at det røska i hamstringen. I lengde vart det 4,83m i svak motvind, men tydeleg hemma av hamstringskaden. Han fortsatte med 10,54 m i kula før han måtte kasta inn handklede.

Kontakt
Kalendar