Arego
kw:!support_us

Gneistspelen 22.-23. august 2020

24.08.2020

På Gneistspelen i helga vart det mange nye personlege rekordar og gode plasseringar på Stord sine utøvarar. 

På laurdag 22.august var det skiftande vêrforhold, med både vind og regn men og med fine forhold. Mathilde Alfarnes Amundsen (14) vann spyd med resultatet 33,49m medan Harald Kårbø vann senior klassen for menn på 3000m med tida 8,39,20. 

Det var mykje betre forhold på søndag 23.august med gode vindforhold på sprinten. Anna Solheim og Sofie Skard i 16-årsklassen sprang inn til nye persar på 80m hekk med høvevis 12,43 og 12,56s og dobbeltsiger. Like etter vann Anna kulekonkurransen med eit lengste støt på 11,18m og ny pers. Julian Skimmeland Aasheim vann 110m hekk med tida 14,37 og forbetra persen sin med 15 hundredelar. Eirik Natvik vann 15 årsklassen på 200m med tida 24,81 og satte samtidig ny pers med 15 hundredelar. Julian sprang inn til 2.plass i sin klasse på 200m med tida 23,27s. Anna sprang inn til tida 28,07s på 200m og det gav 2.plass. Mathilde vann kula på resultatet 9,70m i 14-årsklassen medan Sofie hoppa 4,68m i lengde og plasserte seg som nummer 2 i klassen og satte samtidig ny personleg rekord.

Kontakt
Kalendar