Arego
kw:!support_us

Gode tider for Lars Lunde og Perilla Eugenie Epland på halvmaraton i Venlo søndag 31.mars

01.04.2019 |Nils Hetleflåt

Søndag 31.mars stod Lars Lunde og Pernilla Eugenie Epland på startstreken under halvmaratonløpet i Venlo i Nederland saman med nær 9000 løparar. Med rundt 100000 tilskuarar som omkransa løypa var det ein god atmosfære for alle løparane og når temperaturen viste 15 grader på gradestokken, så var det bare den sjenerande vinden som trakk ned løpsforholda.

Med stort sett medvind dei første 10 km så var det høg fart på både Lars og Pernila frå start av og Lars passerte på sterke 30,54 min som er 7 sekund betre enn banepersen, medan Pernilla, som sprand mykje saman med Vienna S. Dahle frå IL Skjlag, passerte på 34,37 min. Frå 10 til 13 km var det kraftig motvind og farten fall dermed til ca 3,20 pr/km for Lars sin del og Pernilla holdt ein fart på 3,40 min/km i denne delen. Den siste mila er og meir kupert enn første 10 km og det gjer og at farten vert lågare. Lars sin 10 km frå 10 til 20 km gjekk unna på 33,20 min og Pernilla sprang denne mila på 36,28 min.

Begge hadde krefter til ein sluttspurt på siste 1,1 km og Lars sprang inn til ny personleg rekord med tida 67,41 min, som er ei forbetring på over 2 min frå 69,55 min. Pernilla sprang inn til tida 74,47 min som er 13 sekund bak pers, men 24 sekund betre enn i fjor. Dette holdt til 29.plass for Lars i menn senior og til 6.plass for Pernilla Eugenie Epland i kvinner senior. Etter løpet var begge to godt fornøgd med gjennomføringa av løpet, men dei klaga litt på at vinden gjorde det ekstra tungt på den siste mila. Pernilla hadde håpa på å setta ny pers og var dermed ikkje heilt fornøgd med sluttida si, medan Lars ser at med betre forhold skal det vere mogeleg å få press ned tida si enda meir.

 

 

Kontakt
Kalendar