Arego
kw:!support_us

Gode tider på Arne Risa 3000m Classic 9.mai 2018

10.05.2018 |Nils Hetleflåt

Det vart mange gode tider på Stord utøvarane på Arne Risa 3000m Classic på Fana stadion onsdag 9.mai, som kunne skilte med 20 grader og knallblå himmel, men ein litt sjenerande vind i starten av stemnet som løya litt utover kvelden. 3 personlege rekordar utandørs og ein lagsrekord for kvinner.

Først i aksjon var Pernilla Eugenie Epland i kvinneheatet og her var det Vilde V. Henriksen som var hare. Fart var bestilt til 9,20 min og feltet passerte på 75s med Pernilla på 4.plass.og ho hadde 76,8 på første runden Etter 500m auka farten og det var bare ein løpar som fulgte haren medan Pernilla var liggjande i ein trio beståande av noregsmeistar på 10000m Vienna S. Dahle og sølvmedaljevinnar frå terreng NM i vår Lene Selen. Denne trioen sprang jamnt og veksla mellom høge 76 og lave 78 runder og når haren gav seg etter 1500m var dei knappe 4 sek bak duoen og passerte på ca 4,49. Leiaren Marie Sangnes, Namdal IL gav seg etter vel 1650 m og då var det denne trioen som var i tet og veksla på å dra. Ved passering 2000m går Pernilla i tet og ho aukar farten jamnt og trutt og trioen splittar opp slik at ho vinn ganske klart på ny utandørspers med tida 9,33,37. Det er og ny klubbrekord for Stord IL, den gamle var på 9,40,96.

For menn var det over 60 løparar og her vart det 2 heat, kor Vegard Havn og Johannes Thomsen var i det første medan Lars Lunde var i det andre og beste heatet.

Haren i heatet til Vegard og Johannes satte haren god fart frå start av og Stord løparane var fornuftige frå start av og holdt igjen med farten. Vegard fekk ei god pulje å springa i, medan Johannes låg ca 15-20m bak denne pulja. i ein trio Første 1000m vart passert på ca 3,04 for Vegard og 3,06 for Johannes og det indikerte at det skulle gå mot pers. Vegard sine rundetider gjekk svakt opp utover i løpet, men han hadde krefter igjen til siste 600m og han sprang inn til tida 9,21,50. Johannes tapte nokre meter pr runde til Vegard og han kom inn til tida 9,28,62. Nye personlege  rekordar på begge to, ned frå 9,39,10 på Vegard og frå 9,30,95 for Johannes.

Lars var i a-heatet og dei var heile 33 løparar på startstreken og her var farten bestilt til 8,00 min, som er 64 s på runden. Lars la seg rundt 10.plass frå start av og han passert første runden på høge 65s. 800m vart unnagjort på knappe 2,12 og med høge 68 s på neste runde vart 1200m gjort unna på 3,20, men Lars var byrja å falle litt bak i feltet. Etter rundetid på 69 høge og 71 lave på dei to rundane måtte han gi seg med ein vond rygg. Vinnaren sprang i mål på tida 8,04,

Kontakt
Kalendar