Arego
kw:!support_us

Gull i mangekamp UM og veteran NM 21.-22.augst på Hamar til Stord

24.08.2021 |Nils Hetleflåt

Stord IL-friidrett var representert med Anna Solheim i J-17 og Oddvar Hårde og Per Gregersen i MV50-54 på UM og veteran NM i mangekamp på Hamar.

Anna starta med 100m hekk som vart unnagjort på 14,87 sek og ein god start på første dag, medan ho i kula underpresterte og oppnådde resultatet 7,76m, noko som er over 4 meter bak pers. I høgde tangerte ho årsbeste med resultatet 1,58m og på 200m vart sluttida 27,32s, som og er ny personleg rekord på distansen.

Andre dag starta med pers i lengde med resultatet 4,78 m før ho kasta spydet 31,60m. Dermed leia ho mangekampen med ca 80 poeng foran den avsluttande 800 meteren og den vart unnagjort på 2,31,38 og ny pers med nær 10 sekund. Det holdt til seier og ny pers i mangekamp med over 300 poeng, med ein total poengsum på 4323 poeng.

Våre to veteran utøvarar gjekk begge ein ok første dag, men Per var noko under pari i lengde konkurransen. Begge var heile og friske etter første dag, men nokre små vondter høyrer med for begge to. Oddvar i tet med 550 poeng foran Per med Ørjan Moss frå AKS-77 på ein beryggande 3.plass.

På andre dag så stod Oddvar over 110m hekk og dermed nytta Per sjansen til å gå opp i leiinga. Etter at diskoskonkurransen var over så var Oddvar tilbake i tet og når Per nulla i stav så var i realiteten tikampen avgjort til Oddvar sin fordel. Begge to fullførte dei gjenståande to øvelsar i god stil og dei kunne innkassera hhv gull og sølv. Poengsummane vart 4785 på Oddvar og 4470 på Per.

Klubben gratulerer alle utøvarane våre ein flott innsats på Hamar.

Kontakt
Kalendar