Arego
kw:!support_us

Industriløpet 2024

24.11.2023 |Joar Hystad
Braksuksessen frå 2022 er tilbake! Sjekk eigen post inne på Industriløpet 2024 for info om årets løypetrasé, som ikkje er veldig ulik den frå 2022.
 
Begge distansane til Industriløpet 2024 er offisielt godkjent av Det internasjonale friidrettsforbundet. Dette er eit kvalitetsstempel som betyr at løpet kjem med på den internasjonale statistikken og at ein kan sanka rankingpoeng gjennom å delta. 10 km-distansen kan i tillegg nyttast til å kvalifisera seg til NM på 10.000m bane.
 
Start og mål er like utanfor hovudporten til Aker Solutions på Eldøyane.
Distansar: 5 km, 10 km, barneløp og superløp. Løypene vil vera kontrollmålt.
 
 
 
Merk: I 2024 er alle barneløpa til Stord friidrett gratis å delta på. Skal ein derimot springa 5 km eller 10 km, må ein betala vanleg pris. Prisen aukar to gonger fram mot arrangementet: 27. november og 1. februar.
 
TIDSSKJEMA LAURDAG 16. MARS
15:45 | Superløpet
15:50 | Barneløpet
16:05 | 5 km
17:15 | 10 km

Startnummer kan hentast i start- og målområdet på Eldøyane frå klokka 14:00 på løpsdagen.

 
Kontakt
Kalendar