Arego
kw:!support_us

Innandørs NM i Haugesund 2.-3. februar

29.01.2019 |Nils Hetleflåt

Til helga vert innandørs NM arrangert i Haugesund og Stord IL-friidrett har meldt på 6 utøvarar til meisterskapet. Det er Penilla Eugenie Epland (KS) - 1500 og 3000m; Anna solheim (KJ) - Høgde utan tilløp; Sofie Skard (KJ) - Høgde utan tilløp; Tom Erling Kårø (MS) - 3000m; Lars Lunde (MS) - 1500m og 3000m; Jacob Vaula (MS) - 60m og Lengde utan tilløp i juniorklassen.

Det er to debutantar i dette meisterskapet og det er Anna og Sofie som deltek på høgde utan tilløp, medan Jacob er debutant på innandørs NM.

Størst medalje sjanser i Haugesund er det nok Pernilla på begge distanser og Tom Erling som har, medan Lars spring for nye persar og topp 6 plassering på 3000m. Jacob har som mål å komma til semifinale på 60m og kan med ein ny personleg rekord kunne kvalifisera seg for ein finale. For Anna og Sofie gjeld det å samla seg erfaring frå slike arrangementer og samtidig prøva å setta nye personlege rekordar.

All informasjon om stemnet finn du på www.haugesundil.no. Stemnet vert streama og det vil ligge link www.friidrett.no og www.haugesundil.no.

 

 

Kontakt
Kalendar