Arego
kw:!support_us

Klart for NM i friidrett i Kristiansand 10.-12. september

09.09.2021 |Nils Hetleflåt

Til helga er det klart for senior NM i friidrett i Kristiansand og frå Stord IL-friidrett stiller følgjande: Tom Erling Kårbø, Harald Kårbø, Lars Lunde og Pernilla Eugenie Epland.

Brødrene Kårbø stiller på 3000m hinder, som vert arrangert på laurdag ettermiddag, medan Lars og Pernilla er påmeldt på både 5000 og 10000m kor 5000m er på fredagen og 10000m er på søndagen.

Harlad og Lars debuterer på bane denne helga medan Tom Erling sprang ein 2000m hinder i Danmark i slutten av juni. Pernilla har og hatt ein 3000m i starten av august, men felles for dei alle er at dei har slitt med skadar i store delar av sesongen og er spent på kor dei står foran helgas meisterskap.

Arrangementet vert vist på Nrk tv alle dagar.

Meir informasjon om stemnet finn du på følgjande side: Velkommen til NM i friidrett 10. til 12. september 2021 i Kristiansand (nmkristiansand.no)

Kontakt
Kalendar