Arego
kw:!support_us

Kretstrening i Leikvanghallen søndag 23.oktober

24.10.2016 |Nils Hetleflåt

Denne hausten har Hordaland Friidrettskrets starta opp med kretstreningar og søndag 23.oktober var det klart for første samling i Leikvanghallen. Kretsen stiller opp med kvalifiserte trenarar som har lang erfaring med å trena utøvarar på høgt plan. Dei øvelsesgruppene som er med denne hausten er lengde, tresteg, høgde, stav, sprint og hekk.

Frå Stord IL-friidrett er det følgjande som vart tatt ut av HFIK: Tone Sandtorv Brakedal (17) - lengde, Sofie Skard (12) - høgde, Julian Skimmeland Aaskeim (13) - hekk, Erlend Kringeland (13) - sprint. Frå Bremnes IL-friidrett var Jacob Vaula (15) - sprint og Anna Solhiem (12) - høgde tatt ut.

Dei fekk ei god økt i hallen saman med totalt 129 utøvarar frå kretsen. Foreldre og personlege trenar fekk ei orientering om prosjektet og kva målsetningane var på lang sikt. Totalt skal det vere 4 samlingar, ei kvar månad, gjennom vinteren før innandørssesongen startar i siste del av januar.

Kontakt
Kalendar