Arego
kw:!support_us

Lysefjorden inn laurdag 6.juni

06.06.2015 |Nils Hetleflåt

Det var to løparar frå klubben som stilte opp i det 62 km lange Lysefjorden inn i dag og det var Jacob Hystad og Arnfinn Aadland. Jacob vart nr to i fjor medan Arnfinn skulle debutera i løpet. Også Bernt Vinsnesbakk frå Stord sprang løpet.

Det var tunge forhold som møtte løparane innover fjorden, med tunge myrer og fleire parti med snø. Farten i starten var ein del høgare i fjor kunne Jacob fortelle om og etter omlag 18 km mista han løypa merkinga og sprang feil. Dette gjorde at han auka farten når han kom inn i trasèen igjen og dette fekk han svi for mellom 30 og 40 km. Etter den neste matstasjon kom kreftene tilbake igjen og han sprang inn til 5.plass med tida 6:53:36,3 og var med det ca 30 min bak vinnaren. Denne tida til Jacob er tilnærma 30 min svakare enn i fjor.

Arnfinn fekk ein fin tur innover Lysefjorden, men han vart plaga med kramper dei siste 30 km. Totalt fekk han ein 19.plass i løpet og kom inn på tida 7:50:09,5. Han var godt fornøgd med sitt løp.

Alle resultat finn du her: http://racesplitter.com/races/074651778

 

Kontakt
Kalendar