Arego
kw:!support_us

Mange gode resultater på Mailekene i Haugesund for Stord utøvarar

19.05.2019 |Nils Hetleflåt

Under helgas Maileker på Haugesund stadion oppnådde Stord utøvarane mange sterke resultat og gode plasseringar.

På laurdag starta stemnet i lett regnvêr, men det skein opp utover dagen og forholda var gode. Først i aksjon var Julian S. Aasheim (16) på 400m hekk kor han deltok i 17-årsklassen. Han sprang inn til 2.plass på distansen med tida 56,35, som var ei pers forbetring med 95 hundredelar. Neste mann ut var Eirik Natvik (14) på 60m forsøk kor han sprang inn til 2.plass i heatet sitt med tida 7,86 som var tangering av pers og vidare til finale. Andreas H. Kringland (11) sprang inn til 4.plass i sitt forsøksheat på 60m med tida 10,26  og gjekk vidare til finale.

I jenter 13 sprang Mathilde A. Amundsen inn til tida 9,36 på 60m forsøk, men det holdt ikkje til finaleplass. Julian S. Aasheim vann 16-årsklassen i høgde med ny pers på 1,85m og gode forsøk på 1,88m, som desverre vart litt for høgt denne gong. Eirik deltok og i 15 årsklassen på 100m og med tida 12,33s vart han nr 2 og gjekk vidare til superfinalen for 15-19år seinare på ettermiddagen.

Sofie Skard (15) vann høgde med resultatet 1,45 i klassen sin. I lengde for gutar 11 år hoppa Andreas H. Kringeland 3,39 m og plasserte seg på 7.plass. Mathilde A. Amundsen stilte opp i kula i 13 årsklassen og med resultatet 9,93 m vann ho med over ein halv meter. I spyd i same klassse var ho enda meir suveren då ho kastea spydet 30,03 m, som var ei kraftig pers forbetring og 8 meter føre nummer 2 i klassen.

På finalane på sprinten sprang Eirik inn til 3.plass i gutar 14 år på 60m med tida 7,68, som var ei pers forbetring med heile 18 hundredelar. I 100m finalen sprang han inn til 4.plass med tida 12,36s. I gutar 11 år sprang Andreas inn til 6.plass i finalen med tida 10,23s .

Erlend H. Kringeland (16) vann 800m i sin klasse på tida 2,07,83, etter ein svært roleg første runde på ca 68s.

Søndag 19.mai var det litt færre resultat på Stord utøvarane, men resultata og plasseringane var svært gode.

Det starta på 80m hekk i jenter 15 år kor Sofie Skard sprang inn til seier på tida 12,95 og med det forbetra ho persen sin, som vart satt forrige helg på Karabinlekene. Neste i aksjon var Julian S. Aasheim (16) som sprang inn til seier på 100m hekk med tida 14,17, også det ny pers. Eirik Natvik (14) sprang inn til 3.plass på 200m med tida 25,58s, før Julian sprang inn til seier i 16 årsklassen på 200m med tida 23,70 og ny pers.

På 1500m sprang Jakob J. Molvik (16) inn til 4.plass med tida 4,40,36 min, som er ny pers med 4 sekund og i jenter 15 år sprang Brittanna H. Balchen inn til seier med tida 5,29,90.

 

Kontakt
Kalendar