Arego
kw:!support_us

Mange sterke resultat av utøvarar frå Stord IL på mosjonsløp

29.05.2019 |Nils Hetleflåt

Dei siste vekene har fleire utøvarar frå Stord IL vore rundt og sprunge mosjonsløp.

19.mai: Katrine Hillestad sprang 5 km på Åsaneløpet og kom inn på tida 19,07 min, som er ny beste notering for hennar del og det holdt til ein 6.plass i kvinneklassen.

25.mai: Johannes Thomsen vann eit løp på ca 6,5 km i Sauda med tida 20,43 min.

Katrine Hillestad vann kvinneklassen på10 km i Sandnesløpet med tida 39,35 min, som er ny bestenotering for hennar del. 

28.mai sprang Andreas Grøteide polden Fornebuløpet og han kom inn på tida 35,52 min og det holdt til 56.plass totalt av 1955 startande.

Kontakt
Kalendar