Arego
kw:!support_us

Mange sterke resultat på Framolekene 31.5-2.6

03.06.2019 |Nils Hetleflåt

Det vart oppnådd mange sterke resultat av Stord sine utøvarar på Framolekene i hega. På fredag starta det med gode hekkeresultater av Sofie Skard (15) som vann 80m hekk på 13,02 i motvind på 2,7m/s og Julian S. Aasheim (16) som vann 100m hekk på 14,08 i motvind 1,7 m/s og samtidig satte ny pers.

Etter dette snudde dei løpsretninga på sprinten slik at det vart medvind på 200m. Det opna med Eirik Natvik (14) som sprang inn til ny pers med tida 24,96 og 3.plass i klassen. Julian sprang inn til 3.plass i sin klasse med tida 23,17, som og er ny pers, før Jacob Vaula (18) sprang inn til sølv med tida 22,65s. På 800m var starten tilbake til det normale på banen. Først ut var Brittanna H. Balchen (15) som sprang inn til 7.plass med tida 2,39,02 og ny pers. Sverre Stautland (14) forbetra seg til 2,29,35 og det holdt til 6.plass i sin klasse. Eerlend H. Kringeland (16) vann sin klasse med tida 2,03,86 og ein kraftig pers forbetring. I senior klassen sprang Andreas G. Polden (28) og Vegard Havn (22) inn til tidene 2,08,60 og 2,09,35. Anna Solheim 815) vann diskos med resultatet 33,87 m, årsdebuten utandørs for Anna etter eit lengre skadeopphald.

Laurdagen opna med regnvêr og sure forhold, men det letta opp utover dagen og det vart gode forhold på ettermiddagen. Anna fekk konkurrera under dei rådande forholda og i spyd fekk ho resultatet 23,18 m og det gav 4.plass i konkurransen. I kula støta ho 9,38m, som og ggav 4.plass og det var tydeleg hemma av skaden. Andreas H. Kringeland (11) starta dagen med 3,03m i lengde og det gav 11.plass. På 60m vart tida 10,43s i motvind og ein 17.plass. Eirik sprang 60m på tida 7,88 og det gav 3.plass i klassen sin og motvinden var på  2m/s. I høgde var det ein kald vind som plaga deltakarane når Julian hoppa og vinnarresultatet hans vart på 1,80m. Når Sofie starta sin høgdekonkurranse så var vinden vekke og sola hadde kommet fram og varma godt. Ho vann sin konkurranse med resutatet 1,45m. Julian årsdebuterte på 300m hekk og i år har høga på hekkene auka frå 76 cm til 84 cm, men likevel så sprang Julian inn til seier med tida 39,01s, som er 41 hundredelar betre enn i 2018. På 1500m var Sverre først i aksjon av Stord utøvarane og han sprang inn til tida 5,03,30 , som er ny pers og det gav 5.plass i klassa. I jenter 15 sprang Brittanna inn til tida 5,21,02 som gav 2.plass og som var ny pers med litt over 2 sekund. Erlend vann nok eit løp og denne gong var det han som leia løpet frå startskotet gjekk av til han passerte målstreken. Tida vart 4,22,82. Martin Schei (19) sprang inn til seier i sin klasse med tida 4,26,87 og ny pers med ca 2 sekund. I seniorklassen sprang Vegard inn til ny årsbeste på distansen med tida 4,18,23.

Først i aksjon på søndagen var Mathilde Alfarnes Amundsen (13) som starta med spyd og ho starta med eit kast på 33,88m, som var ny pers med ovr 3 m og som gav 2.plass i konkurransen. I kulekonkurransen vart det eit resultat på 10,37 m og det gav 3.plass i klassen. Julian S. Aasheim vann 100m i sin klasse med tida 11,69s, som var ny pers og som tok han til superfinalen. I denne finalen vart tida 11,77s i svak motvind. Når 3000m starta var det blitt regnvêr, men det var vindstille og temperaturen var på ca14 grader, med andre ord perfekte forhold for eit langt løp. Først i aksjon var Erlend og Martin, og dei sprang jamnt til eit skjema på 9,30 frm til 2000m, men då satte Erlend opp farten og feltet var delt opp  imindre grupper. Erlend holdt tempoet heilt til mål og han vann med tida 9,20,36 og ny pers, medan Martin sprang inn til tida 9,26,87 seier i klassen  og ny pers. Han underskred og kvalifisringkravet til UM og dermed er han klar til dette meisterskapet som går i september. Siste Stord utøvar denne helga var Vegard på 3000m og han sprang eit sterkt løp og holdt rundetider på kring 72-74 og det gav ei sluttid på 9,10,96 og ein forbetring av pers på over 10,5 sekund og 5.plass i løpet.

Mange gode plasseringar og mange nye personlege rekordar og årsbeste vart det for Stord utøvarane denne helga.

Kontakt
Kalendar