Arego
kw:!support_us

Midtfjellet halvmaraton og 5419 laurdag 23.juni 2018

23.06.2018 |Nils Hetleflåt

Det var mange løparar frå Stord IL-friidrett som stilte opp på Midtfjellet halvmaraton og 5419 r vart avvikla. Dessverre for arrangørane så var det tåke under arrangementet slik at verken løparane eller tilskuarane fekk nyta den flotte utsikten. 

På 5419 var Lars Lunde, Stord IL, heilt suveren og kom inn på tida 19,09 min og var med det over 2 min foran nr 2. i løpet og han satte samtidig ny løyperekord med over 3 min. Arne Jordåen sprang inn til 3.plass med tida 21,42 min og han vann samtidig klasse 15-18 år.

På halvmaraton var det to løparar frå Oslo som var heilt suverene, med Senay Fissehatsion som vinnar med tida 1:16:18 foran Michael Ande Tesfamichael 1:18:10 og Stord sin Kim Berland Laitinen 1:27:28 på 3.plass. Vinnaren satte ny løyperekord med over 6 og eit halv minutt.

For fullstendig resultatliste sjå her: http://live.eqtiming.com/42274

 

Kontakt
Kalendar