NM bronse på 100m under første dag på Fana stadion
Det vart jubel for Stord IL og Jacob Vaula under første dag av NM på Fana stadion då han sprang inn till ein svært sterk bronsemedalje på 100m med tida 10,84 i 0,6 motvind. Dette var ny pers med 1 hundredel etter han satte pers i semifinalen med 10,85 kor han sprang inn til 2.plass i motvind 0,8. Før dette hadde han gjort unna forsøket på tida 11,17s, osm han hann vann ganske kontrollert.
Etter løpet var Jacob svært godt fornøgd med gjennomføringa av løpet sitt og han kunne fortella at alt han tenkte på var å gjennomføra oppgåvene sine. Det gjorde han så godt at gav ein bronsemedalje. Den første på senior nivå.
Lars Lunde sesongdebuterte på 5000m og han kom inn til tida 15,02,22 min i D-heatet som holdt til 7.plass i heatet og 40.plass totalt. Han holdt følge med teten fram til det vart gjort ein fartsauke 500m før målpassering og måtte sleppa vinnaren som kom inn på 14,55,11. Total vinnaren vart Narve Gilje Nordås frå Sandnes IL på tida 14,02,66.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no