Arego
kw:!support_us

NM gull til Harald Kårbø

21.09.2020 |Nils Hetleflåt

Harald Kårbø sprang inn til gull på 3000m hinder under andre dag av NM på Fana stadion. Med tida 8,53,11 var han med 5 hundredelar foran nummer to i løpet. Han la seg midt i feltet  på den første runden, men han avanserte til tredje plass etter ca 1000m. Avstanden fram til teten auka heile vegen fram til 2200m og deretter stabiliserte den seg på nest siste runde. Ved passering 2600m låg Harald ca 40 m bak leiaren, men då starta han sluttspurten og 5m foran målstreken var han ajour og han fekk kasta seg foran dei nødvendige centimetrane ved målpassering. Eit sterkt comeback av Harald som har gått meir eller mindre skada sidan 2016, men som aldri har gitt opp.

Han var svært godt nøgd etter løpet og kunne fortella alt løpsplanen vart fulgt til punkt og prikke.

Tidlegare på dagen hadde Jacob Vaula vunne sitt forsøksheat på 200m på tida 22,45 og han plasserte seg som nr. 3 i semifinalen med tida 22,17, som er årsbeste, og gjekk vidare til finalen som siste løpar. Finalen går på søndag

Kontakt
Kalendar