Arego
kw:!support_us

NM gull til Lars Lunde på 3-sjøars i Stavanger

08.11.2018 |Nils Hetleflåt

Laurdag 3.november vart 3-sjøarsløpet arrangert i Stavanger, som er eit halvmaratonløp og der NM halvmaraton var innlagt i arrangementet. Løypa for dette løpet er rundt 3 kjente vatn i Stavanger, først er det rundt Hålandsvatnet før ein spring rundt Stollavatnet og avslutter rundt Mosvannet, start og mål er ved Stavanger Forum. Det var nær 3000 deltakar påmeldt, men nokre færre kom til mål. Vêrforholda var utfordrande i år, med ein veldig sjenerande vind som låg rundt 10 sekundmeter medan temperaturen var grei for årstida å rekna.

Lars Lunde og Katrine Hillestad var dei to som representerte Stord IL-friidrett, men det var mange fleire stordabuarar som deltok. Lars la seg bak tetkvintetten då farten vart auka etter 3 km og han låg stort sett åleina i løpet. Han passerte 10 km på 31,54 min, men etter dette kom løpararne inn i dei mest vindutsatte områda og farten sank for både Lars og dei andre konkurrentane på den neste mila. Lars plukka opp to av løparane som låg foran han og med sin sterke avslutning sprang han inn til ny personleg rekord med tida 69,55 min, som var ei forbetring med 1 min og 59 sekund. Totalt 4.plass i løpet, men klar seier i klassa si som var MU23.

Katrine Hillestad fekk det tyngre i løpet og kom inn i mål på tida 94,06 min og plasserte seg på 25.plass i klassen K23-34.

Alle resultat finn du på denne linken: www.3sjoers.no

 

 

Kontakt
Kalendar