Arego
kw:!support_us

Nm gull til Stord på Jessheim

25.08.2014 |Nils Hetleflåt

Stord IL sin tropp i senior NM, som bestod av Tom Erling Kårbø, Harald Kårbø, Jørund Løken, Lars Lunde og Mari Aarskog Nesse returnerte frå Jessheim med eitt gull, ein bronse , ein 4.plass, to stk 5.plasser, ein 9.plass og ein 13.plass.

Tom Erling forsvarte NM tittelen frå 2013 i Tønsberg på 3000m hinder og vann med tida 9,00,55. Harald sprang inn til bronse med tida 9,07,33 og Lars sprang inn til ny personleg rekord med tida 9,41,49. Løpet starta med god fart den første 1000m, kor Bjørnar U. Kristiansen frå Sandnes drog feltet fram til ca 2,55 min. Så la han seg bak og Tom Erling sprang fram i tet og passerte 2000m på 6,10min. Då 300m gjenstod av løpet angreip Harald og farten vart skrudd skikkeleg opp, men Tom Erling svarte enkelt og sprang i mål som sikker vinnar.

Bare 50 min etter at han var i mål på hinder løpet stod Tom Erling på startstreken igjen, denne gong var det klart for 1500m som han hadde kvalifisert seg på gjennom forsøk dagen i førevegen. Tom Erling la seg sist i feltet på første runde, som bestod av 12 løparar  og der var han på neste runde og. Så byrja han å avansere og ved passering 1100m var han oppe på 10.plass, men ein strek avslutning førte han opp på 5.plass med tida 3,48,57.

Mari sprang først 3000m hinder og etter eit jamnt løp kom ho for første gong under den magiske 11 minutters grensa. Med tida 10,59,37 plasserte ho seg på 4.plass og fram til bronsemedaljen skilte det ca 12 sekund. Tida som Mari oppnådde er vel 4 sekund bak det internasjonale kravet på 3000m hinder til junior EM i Eskilstuna i 2015.

Bare 45 min etter målgang på hinder løpet var Mari i aksjon igjen på 1500m. Dette vart eit tungt løp kor ho kjente at hinderløpet satt i beina, men Mari gjennomførte på tida 5,04,48 og plasserte seg som nr 13.

Jørund deltok i spyd og med resultatet 55,37 plasserte han seg på 9.plass. Dermed vart det bare 3 kast, men teknisk så stemte det betre her enn kva tilfelle var på junior NM og resultatet var betre.

Kontakt
Kalendar