NM junior Kristiansand 14.-16.august 2020
I helga vert årets junior NM i friidrett arrangert i Kristiansand, for klassane U-20 (født i 2001-202) og U-23 (1998-2000). Frå Stord IL-friidrett stiller følgjande utøvarar: Jacob Vaula og John Arild Torkelsen, begge to skal springa 100 og 200m.
Jacob er ein av medaljekandidatane på begge distansar, medan John Arild debuterer på dette nivået.
Fredag: På dagens forsøk vann Jacob sitt forsøksheat på tida 11,34 og er klar for finale klokka 17:50, medan John Arild sprang inn til 6.plass i sitt heat med tida 11,94.
GULL!!! Jacob Vaula sprang inn til gull på 100m med ny personleg rekord og klubbrekord på 10,87 i lett motvind.
Laurdag er det klart for 200m forsøk, med start klokka 11:30 for våre to løpararJacob sprang kontrollert inn til 2.plass i heatet sitt med tida 22,37 og er klar for finale på søndag medan John Arild sprang inn til 7.plass og ny pers med tida 23,58 i motvind: 1,5 m/s.
Søndag: Jacob sprang inn til 3.plass på 200m med årsbeste på 22,20 i motvind 1,6 m/s. Han var godt nøgd med sine resultat denne helga
Stemnet vert streama på www.friidrett.no
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no