Arego
kw:!support_us

NM senior på Jessheim 22.-24.august

21.08.2014 |Nils Hetleflåt

Til helga vert NM senior arrangert på Jessheim i Ullensaker kommune og frå Stord IL stiller følgjande til start: Tom Erling Kårbø 1500m og 3000m hinder, Harald Kårbø - 3000m hinder, Lars Lunde - 3000m hinder, Jørund Løken - spyd og Mari Aarskog Nesse - 1500m og 3000m hinder.

Tom Erling er tittelforsvarer på hinder og han kommer til å få hard konkurranse frå Bjørnar U. Kristiansen frå Sandnes. Harald må kjempa om bronseplassen, som han hadde i fjor, medan Lars spring for å settja best mogeleg personleg rekord. Totalt re det 8 løparar påmeldt på 3000m hinder. 

På 1500m er det 26 løparar påmeldt og for Tom Erling handler det om å komme seg til vidare til finalen frå forsøksheatet med å bruke minst mogeleg krefter og finaleløpet starter 1 time etter målgang på 3000m hinder.

Jørund er ein av 13 kastarar i spyd og må nok sette årsbeste om han skal komme til finale omgangane i denne øvinga.

Mari Aa. Nesse spring forsøk på 1500m på fredag og her er det påmeldt 28 løparar slik at ho må sette ein kraftig årsbeste for å avansere til finalen. På laurdag spring ho 3000m hinder og då er målet å springe ned mot sin personlege rekord på 11,07 min

Kontakt
Kalendar