Arego
kw:!support_us

NM terrengløp lang løype på Bratsberg i Trondheim

12.10.2018 |Nils Hetleflåt

På søndag er det klart for NM terrengløp, lang løype på Bratsberg i Trondheim kommune. Frå Stord IL-friidrett stiller følgjande til start: Pernillla Eugenie Epland  i kvinner senior og Erlend Kringeland i G-15. Pernilla skal springa 6 km og ho er blant medaljefavorittane i kvinneklassen der det er 28 påmeldte løparar, medan Erlend skal springa 4 km og i denne klassen er det påmeldt 16 løparar.

Dei skal springa ei rundløype på 1 km og det vert mange rundar for desse to løparane og alle dei andre deltakarane på NM. Starten for G-15 er kl 12:10 og for kvinner senior er den kl 13:10. Ein kan følga live resultat  via denne linken: www.eqtiming.no.

Alt om arrangementet finn ein her: http://www.jentebolgentrondheim.no/NM2018/

 

Kontakt
Kalendar