Arego
kw:!support_us

Nordisk landskamp i Tammerfors

10.02.2014 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø sprang på laurdag 8.februar innandørs nordisk landskamp på 1500m i den finske byen Tammerfors. Denne hallen er 300m lang, noko som er utanfor grensa til IAAF og resultata vert dermed ikkje med i den offisielle statistikken.

I dette løpet var det ingen som var interesert i å springa fort, det viktigaste var poenga. Dermed var passeringane på hhv 300m og 600m på moderate 51,5 og 1,45, medan farten tok seg litt opp på dei neste 300m med ei rundetid på 47. Etter ca 1000m eksploderte farten og det gjekk fort unna inn til mål (1,26 på siste 600m for Tom Erling). Tom Erling sprang inn til tida 3,58,84 og plasserte seg med det på 4.plass etter ein hard fight på siste langside med svensken Kalle Berglund som sprang inn til 3,58,59 og 3.plass. Suveren vinnar vart svensken Johan Roggestedt. Her er resultat:

Noreg vart vist til 3.plass i landskampen

 

Kontakt
Kalendar