NSIC Conference
Harald Kårbø konkurrerte for skulelaget sitt, Augustana College, 28.februar og 1.mars i NSIC Championship ved Bemidji, Minnesota. På fredag 28.februar sprang han først forsøk på mile kor han kom inn på 1.plass i heatet på tida 4.27,46. Knappe 3 timar seinare var han i aksjon på 1000m forsøk kor han løp inn til tida 2.34.13 som er ny pers og 2 plass i heatet. Bare 40 min etterpå var det klart for 3000m kor han enda på 7.plass med tida 8,40,86. Laurdag 1.mars var det klart for finale på både mile og 1000m, der han var først i aksjon på mile. Etter eit meget jamnt løp vart han knepent slått og kom inn på 2.plass med tida 4.15,80.
Bare 2 timar etterpå var Harald i aksjon igjen på 1000m og her vart det 9.plass med tida 2.37,60.I dette løpet var det mykje knuffing og Harald holdt på å falle fleire gonger og han kom ut av løpsrytmen.
Neste konkurranse for Harald vert kommande helg, då skal han springa siste etappe på stafettlaget på DMR (1200-400-800-mile) under NCAA ved Winston-Salem i North Carolina. Augustana College er rangert som nr 2 i division 2.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no