Arego
kw:!support_us

Ny klubbrekord på første dag av NM innandørs, 2. februar. i Haugesund

02.02.2019 |Nils Hetleflåt

Det var mange sterke prestasjonar av Stord utøvarane under første dag av NM innandørs i Haugesund.

Først i aksjon var Jacob Vaula på forsøksheat på 60m. Han var i eit sterkt heat og han heva sitt eige nivå då han sprang inn til 2.plass i heatet med ny pers på 7,00s og ei forbetring på 4 hundredelar frå forrige fredag. Dette var og ny klubbrekord, då han hadde den gamle sjølv. I semifinalen endte han på 4 plass i sitt heat med den same tida som han oppnådde i forsøksheatet, 7,00s, men det var 4 hundredelar bak avansement til finalen. Totalt enda Jacob opp med den 10.beste tida i semifinalen.

Lars Lunde kom i det 2 av 3 heat på 1500m og han gjekk i tet etter 700m av løpet og sprang solo dei siste 800m. Ny innandørs pers med tida 3,56,55 og totalt 8.plass på distansen.

I høgder utan tilløp for juniorar var det dei to debutantane Anna Solheim (15) og Sofie Skard (15) som stilte opp. Anna hadde ein god konurranse og satte ny pers med resultatet 1,30m som holdt til 4.plass i konkurransen, medan Sofie var litt bak pers med sitt resultat på 1,20m som gav 7.plass.

Kontakt
Kalendar