Arego
kw:!support_us

Ny kretsrekord av Harald Kårbø

10.02.2014 |Nils Hetleflåt

På laurdag 8.februar var Harald Kårbø og sprang på Ted Nelson Classic i Mankato i Minnesota. Her viste han svært gode takter og på mile løpet vann han med tida 4,12,18 og satte samtidig ny kretsrekord innandørs for Hordaland i både U-23 og senior. Dei gamle rekordane var det broren Tom Erling som hadde frå den tida han studerte i USA.

Nokre timar seinare var Harald i aksjon på 1000m og med tida 2,35,86 vann han og satte samtidig ny pers.

Harald Kåbø vart kåra til denne vekas track athlete i NSIC conference for prestasjonen på mile. Dette er andre gongen denne innandørssesongen Harald har vunne denne utmerkinga. Meir om denne utnemnelsen kan ein finna her.

Kontakt
Kalendar