Arego
kw:!support_us

Ny løyperekord på Stord rett opp for kvinner

22.05.2017 |Nils Hetleflåt

Det var totalt 26 deltakarar som stile opp på årets utgave av motbakkeløpet Stord rett opp på søndag 21.mai. Medan vêret var fint på føremiddagen, så kom det eit kraftig regnskyll ein halv times tid før løpet og det holdt seg til løpet på det nærmaste var ferdig. Det einaste positive var at vinden kom i ryggen på løparane oppover fjellet.

Ikkje uventa var det Thomas Finshus, Stegaberg som stakk av med sigeren i herreklassen på den sterke tida 25,15 min og han var over 3 min foran Arnfinn Aadland.

I dameklassen var det ikkje uventa Pernilla E. Epland som vann og som med tida 28,35 min var nesten 1 min under den gamle løyperekorden som tilhøyrte Elin Fylkesnes Steinsbø. 

Fullstendig resultatliste finn du ved å trykke her.

Kontakt
Kalendar