Arego
kw:!support_us

Ny pers på Tom Erling Kårbø på 1500m på Folksam Grand Prix

18.06.2019 |Nils Hetleflåt

Under kveldens Folksam Grand Prix i Sollentuna sprang Tom Erling Kårbø 1500m og første gong i karrieren fekk han springa i eit a-heat på Folksam Grand Prix serien. Det resulterte i ny pers på distansen med tida 3,43,77 og ei forbetring med 1,12sekund og han er bare 0,7 sek bak klubbrekorden. Han sprang inn til 9.plass, der vinnaren sprang inn til tida 3,39,68.

Diverse passeringar for Tom Erling var 700m: 1,45,3-2,30,5 (1000m)-ca 2,45 (1100m).

På kveldens 5000m sprang Lars Lunde og han kom inn på 9.plass med tida 14,39,96 som er ny personleg rekord og i dette løpet satte dei 11 første løparane personleg rekord bortsett frå haren som sprang inn til 2.plass. 

Alle resultat frå stemnet finn ein her: http://212.247.216.72/friidrott/Sollentuna19/index.php

 

Kontakt
Kalendar