Meny
Ny sterk dag på Tyrvinglekene
15.06.2019
|Nils Hetleflåt
På andre dag av Tyrvinglekene fortsatte dei sterke resultata for Stord utøvarane.
Først i aksjon var Sofie Skard på 80m hekk i 15 årsklassen og med resultatet 12.91s sprang ho inn til 3.plass i svak motvind og ny pers. Julian starta dagen med 100m hekk og han flytta persen frå 14.08 til sterke 13.69 og tolvte raskaste gjennom tidene i Noreg. På dette løpet var medvinden på 2.0 som er det maksimale godkjente ein kan ha.
På 200m sprang Julian inn til tida 23.02s og det gav 2.plass i 16-årsklassen og bare 4 hundedelar bak vinnaren. Denne tida er ny pers med 15 hundredelar.
Med 3 av 3 nye persar så viser det at utøvarane er i god form.
Kontakt
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no
Kalendar